Smiesang
Hvis verda var ei smie vart sola smidd i dag
og kiminga i vinden var gylne hammarslag.

Og dom som ennå kvilte såg rommet metne rødt.
Og opp ?tur sjølve jorda brøt det som før låg dødt.

Ei nysmidd kobbertone slo ut i mårråsbris.
Den nattesvarte smeden kom bort i rosa dis.

For verda er ei smie der lyset syder rødt
og klokketårna syng om en dag som nyss er født
den aller første dagen her på jorda.

Tekst av Ove Røsbak