So ro
So ro, lite eplekinn.
Det kjæm tre skuter hit i synnavind.
Den ene er ta papir,
den andre er ta tre,
den tredje er ta drøm og dis
og lufte mango-te

So ro, lite kirsebær.
Det kjæm tre vogner hit frå heia der.
Den ene er ta silke,
den andre er ta jønn,
den tredje er ei flammevogn
som går med brak og drønn.

So ro, liten, legg deg tel.
Det kjæm tre fugler hit når natta fell.
Den ene syng om glede,
den andre syng om sorg,
den tredje syng om det han såg
frå tårnet på ei borg.

Den ene syng om lite,
den andre syng om stort,
den tredje syng om ingenting,
det har han alltid gjort.

Tekst av Røsbak / Buljo